✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Trua kan ikkje optimaliserast

Ein gong i urtida, for sånn ca 35-40 år sidan, var det ikkje vanleg at foreldre, langt mindre besteforeldre, møtte opp på alle fotballkampar eller turnframsyningar til barn og barnebarn.

group-of-school-children-standing-on-field-trip-in-2025-10-11-13-58-20-utc

Kronikk av Bård Norheim, professor i teologi (NLA) og Andreas Bjørntvedt, PhD-student (VID) og pastor i Fredheim Arena.

Men no har foreldreskapet rykka nærare dei kompetente barna våre. Det er mange godar ved det. Nærleik og engasjert omsorg har absolutt sine oppsider. 

Men kanskje kan det bli for mykje av det gode. Når vi foreldre og besteforeldre står ved sida av «akvariet» og heier på kvar vår vesle gullfisk som symjar fram med optimaliserte læringsmål, velformulerte sosiale ferdigheiter, sonelagsambisjonar og surdeigsbrød på matpakka. Kanskje litt avstand er bra? Om ikkje anna, som ei påminning om at ikkje alt let seg optimalisera.

Vi vart minna om desse utfordringane tidlegare i år då vi saman skreiv ein artikkel om korleis trua vert intensivert når vi får barn. Artikkelen er ein del av Andreas sitt doktorgradsarbeid, der han har intervjua 585 unge vaksne mellom 30-40 år som alle har vore aktive i kristent barne- og ungdomsarbeid.

For ein del foreldre kan det nemleg verka som også trua har blitt ein arena for å prestera. Til og med trusformidlinga i heimen må optimaliserast og haldast autentisk. Under ligg den forførariske tanken at våre barns suksess og framgang – både i tru og liv – er heilt avhengig av foreldre som gir alt. Som fungerer som ein ambulerande Martin Ødegaard på speed som leverer målgivande pasningar til dei unge håpefulle. For utan foreldre i assist-rolla, er det nemleg usikkert om barnet ditt vil lukkast.

Men så vår det denne røyndomen då. Det viser seg at ein god del av foreldra i undersøkinga ikkje var i stand til å møta sin eigne høge forventningar til autentisitet og optimalisering av trusformidling i heimen.

For livet går ikkje på skinner for alle. Det er ikkje alltid at jobb, samliv, foreldreskap, kyrkje, trening og kropp går opp i ein høgare einskap. Særleg ikkje i «dei harde trettiåra,» den intense perioden mellom 30 og 40, når mange skal etablera samliv, foreldreskap, karriere og huslån. Ekstra krevjande kan trusformidling i heimen vera der oppdraginga er ein vedvarande dragkamp mellom to foreldre med ulikt livssyn. Eller når ein vert ramma av ulike helseutfordringar.

Då kan det vera greitt å lena seg til noko av det viktigaste som kom fram i forskinga: Verken tru eller trusformidling er ein prestasjon som kan optimaliserast. Det handlar om kven du er. I tillegg er det slik at det enkle ofte er det beste – bordbøn, kveldsbøn og felles vanar knytt til kyrkjegang.

Det å få barn, er eit møte med det eksistensielle i tilværet. Det er også eit møte med eit heilt grunnleggjande spørsmål: kva er det verdt å gi vidare til neste generasjon? Dette er truleg noko av grunnen til at det å bli foreldre intensiverer alt som har med tru å gjera.

Barn fortener nemleg det beste av det vi sjølv fekk del i gjennom får eigen oppvekst. Slik tenkjer mange av foreldra i utvalet vårt. Og for ein del av desse foreldra blir også Kristi sjølvoppfordrande liv eit eksempel til etterfølging. Som forelder vil ein difor prøva å legga ned sitt liv for sine eigne barn.

Eit slikt motiv for foreldreskap er kanskje vakkert og viktig, men ei trusformidling som lener seg for tungt på foreldre som skal prestera på Kristus-nivå, opnar også for nokre openberre slagsider.

Å gi trua vidare til neste generasjon er nemleg ikkje eit optimaliseringsprosjekt. Ikkje ein prestasjon, ikkje ein konkurranse. Det handlar ikkje om å pusha det vesle ekstra for å fremja framifrå trusformidling.

Å gi trua vidare til neste generasjon handlar tvert imot om sjølv å leva som mottakar av det Kristus har å gi. Å oppdaga at bordbøn og kveldsbøn og undring i kvardag og helg stiller både barn og vaksne foran den Kristus som forandrar. Han som gir seg sjølv først og på uforlikeleg vis.

Trua går rett og slett ikkje vidare gjennom prestasjon og optimalisering, men gjennom levd liv. Så enkelt og så vanskeleg.

Publisert18.11.25Oppdatert18.11.25

Finn flere nyheter

Invitasjon til konferanse: Skapende tekstarbeid

Skapende tekstarbeid

Invitasjon til konferanse: Skapende tekstarbeid

Forskergruppen Språk og litteratur ved NLA Høgskolen inviterer til konferanse med fokus på skapende, dialogiske, utforskende og estetiske undervisnings- og arbeidsmetoder i skolens og lærerutdanningenes norskfag.

Med hjerte for elevene som ikke kommer på skolen

_dsc5968

Med hjerte for elevene som ikke kommer på skolen

Renate Vesteraas ønsker å spre gode tiltak som kan hjelpe elever som sliter med skolevegring.

Bli med på Bibelkonferansen 2025

_dsc4693

Bli med på Bibelkonferansen 2025

Det blir et dypdykk i Bibelsens profetiske tekster når NLA Høgskolen igjen arrangerer Bibelkonferansen 22. til 23. august.

Hva er egentlig en tekst?

_dsc5805-2-2-3

Hva er egentlig en tekst?

Før leverte elever håndskrevne tekster som ble rettet av læreren med rød penn. I dag er virkeligheten en annen: Oppgavene løses på iPad, og tekstene består ofte av langt mer enn bare ord.

NLA Høgskolen til Arendalsuka

arendalsuka

NLA Høgskolen til Arendalsuka

Hvilket ansvar har utdanningsinstitusjoner i møte med polarisering, utenforskap og teknologisk endring? Dette var et av spørsmålene NLA stilte på Arendalsuka.

Videre i karrieren? Master kan være nøkkelen

NLAØkonomi-85

Videre i karrieren? Master kan være nøkkelen

– Både 40-åringer og de som kommer rett fra bachelorstudier har et betydelig utbytte, sier prorektor for utdanning, Amund Langøy.

Se flere nyheter