✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Frå utfordringar til moglegheiter: Slik vil Studentparlamentet løfte NLA-studentane

Maren Arntsen tek fatt som ny leiar for Studentparlamentet ved NLA Høgskulen. Med bakgrunn frå innovasjon, marknadsføring og leiing ved Hauge School of Management vil ho løfte studentane sine stemmer og gjere utfordringar om til moglegheiter.

_DSC5878-2

Maren Arntsen er nyvald leiar for Studentparlamentet ved NLA Høgskulen. Ho studerer ved Hauge School of Management og tek ein bachelor i innovasjon, marknadsføring og leiing. Ho bur på Lillestrøm, ein kort togtur frå Oslo og NLAs campus i Pilestredet Park 33. Ho kombinerer studielivet med rolla som talsperson for studentane sine interesser. Med engasjement for både leiing og innovasjon håpar ho å bruke erfaringa frå studia i rolla som studentleiar.

Som leiar for Studentparlamentet ønskjer ho å bidra til eit meir inkluderande og levande studentmiljø.

– Eg er oppteken av at alle studentar skal oppleve tilhøyrsle, og at stemmene deira skal bli høyrde i dei avgjerdene som påverkar studiekvardagen vår, fortel ho.

Arntsen trekkjer særleg fram kor viktig det er med gode møteplassar, både fagleg og sosialt. Ho vil arbeide for å styrkje fellesskapet på tvers av studium og campus, og samstundes bidra til at NLA utviklar seg i takt med studentane sine behov.

_DSC5891-3

Auka levekostnader og høgare skuleavgifter gjer kvardagen stadig vanskelegare for mange studentar ved NLA Høgskulen. Ifølgje Studentparlamentet rammar dette ikkje berre lommeboka, men òg trivselen og konsentrasjonen.

– Mange studentar opplever økonomien som ei stor utfordring. Samstundes saknar fleire eit fagleg og diskusjonsbasert læringsmiljø, og arenaer der ein kan møtast for å utveksle perspektiv eller byggje tilhøyrsle, seier Studentparlamentet.

For å møte desse utfordringane løftar parlamentet studentane sine behov inn i dialogen med leiinga og studentråda.
– Målet vårt er å styrkje studentane sin kvardag både sosialt og fagleg, og skape ein kultur der det er naturleg å delta og bidra, understrekar dei.

Meir innverknad gjennom betre dialog

Samarbeidet mellom studentane og høgskuleleiinga har vorte tettare det siste året. Studentparlamentet peikar på organisatoriske endringar og tydelegare leiing som viktige årsaker.

– Dialogen er meir strukturert og open, og vi blir inkluderte i prosessar tidlegare enn før. Det gjev oss moglegheit til å ha reell påverknad. Vi opplever no at vi står sterkare saman med leiinga om å løfte studentane sin kvardag, seier representantar frå parlamentet. I tillegg ser Studentparlamentet til modellar og erfaringar frå andre institusjonar for å gjere arbeidet meir effektivt.

_DSC5904-2

Vil byggje faglege fellesskap

Eit hovudmål dette studieåret er å styrkje studentmiljøet gjennom fleire faglege møteplassar.
– Vi ønskjer å skape arenaer for diskusjon, refleksjon og fagleg utvikling på tvers av studium og campus. Det handlar om å gje studentane eit betre læringsmiljø, men òg om å byggje fellesskap, forklarer parlamentet.

Dei ønskjer òg å utvikle studentdemokratiet vidare, slik at fleire får høve til å engasjere seg. Eit konkret tiltak er ein pågåande underskriftskampanje for å etablere linjeforeiningar.
– Med linjeforeiningar får vi både fleire møteplassar og meir engasjement. Det vil styrkje samarbeidet og gjere det lettare å utnytte dei mange moglegheitene for verv og deltaking, seier Arntsen. Ho legg til:
– Eg ønskjer å vere ein brubyggjar mellom studentane og leiinga, og samstundes inspirere fleire til å engasjere seg i studentdemokratiet.

Publisert19.11.25Oppdatert19.11.25

Finn flere nyheter

Invitasjon til konferanse: Skapende tekstarbeid

Skapende tekstarbeid

Invitasjon til konferanse: Skapende tekstarbeid

Forskergruppen Språk og litteratur ved NLA Høgskolen inviterer til konferanse med fokus på skapende, dialogiske, utforskende og estetiske undervisnings- og arbeidsmetoder i skolens og lærerutdanningenes norskfag.

Med hjerte for elevene som ikke kommer på skolen

_dsc5968

Med hjerte for elevene som ikke kommer på skolen

Renate Vesteraas ønsker å spre gode tiltak som kan hjelpe elever som sliter med skolevegring.

Bli med på Bibelkonferansen 2025

_dsc4693

Bli med på Bibelkonferansen 2025

Det blir et dypdykk i Bibelsens profetiske tekster når NLA Høgskolen igjen arrangerer Bibelkonferansen 22. til 23. august.

Hva er egentlig en tekst?

_dsc5805-2-2-3

Hva er egentlig en tekst?

Før leverte elever håndskrevne tekster som ble rettet av læreren med rød penn. I dag er virkeligheten en annen: Oppgavene løses på iPad, og tekstene består ofte av langt mer enn bare ord.

NLA Høgskolen til Arendalsuka

arendalsuka

NLA Høgskolen til Arendalsuka

Hvilket ansvar har utdanningsinstitusjoner i møte med polarisering, utenforskap og teknologisk endring? Dette var et av spørsmålene NLA stilte på Arendalsuka.

Videre i karrieren? Master kan være nøkkelen

NLAØkonomi-85

Videre i karrieren? Master kan være nøkkelen

– Både 40-åringer og de som kommer rett fra bachelorstudier har et betydelig utbytte, sier prorektor for utdanning, Amund Langøy.

Se flere nyheter